Tordis Irene Fosse – Å skrive, å gripe inn

Hobby, mat og fritidTordis Irene Fosse – Å skrive, å gripe inn
Estimert lesetid 5min
Omslag Skrivelysten

Det er juni 1967. Helga, ei ung kvinne i gul kjole, blir jaga frå øya, ho blir bortvist av dei vaksne i bygda med presten og legen i spissen, tvangsreturnert til Alta. Dei høyrer aldri meir frå henne, kanskje er ho død? Kva har ho gjort for noko fælt? Ho har vori lærar ved sommarskolen ei vekes tid og har gitt elevane ei stiloppgåve. Ho har sett i gang skriving. Ikkje så spesielt vel? Men så sterk kan altså ei skriveoppgåve vera. Kva er det med denne skriveoppgåva?

Ungane i bygda skriv og skriv og er uendeleg oppslukte. Dei blir alvorlege, syklar lange turar åleine, og foreldra veit ikkje kva som skjer. Ungane hentar fram det hemmelege som foreldra ikkje får sjå. Dei riv heller stilane i småbitar og et dei i seg enn å la foreldra få tak i dei. Det er ei skriveoppgåve som dyttar ungane ut i noko, utfor og innover. Dei blir spurde om noko anna enn før. Nokon vil lesa dei. Nokon vil ha det såre og vonde.

Ikkje alle skriveoppgåver er slike. Året etter kjem Ågot på femti og gir ei farefri overskrift, ”Den største fisken far har fanget”, og folk pustar ut. Men skrivinga for Helga blir aldri gløymd. Over førti år etter sender ein av stilskrivarane brev til henne og takkar. Skrivinga gjorde at denne eleven tok det første steget opp trappa frå kjellaren i seg sjølv.

Dette er frå ein roman, og eg skal ikkje øydelegge spenninga ved å røpe for mye. Kanskje har eg alt sagt i meste laget. For når du les boka, veit du lenge ikkje eingong at dette dreiar seg om ei kvinne, og ikkje veit du kvifor nokon absolutt må ha tak i henne mange tiår etterpå. Og deretter veit du ikkje kvifor ho er så vanskeleg å finne, og slett ikkje kvifor ho er utstøytt, og så veit du ikkje kva den fatale skriveoppgåva går ut på, og kva skriveoppgåva gjer med dei som skriv.

Men dersom eg ikkje seier kva romanen heiter, berre at han kom ut i 2012… Så kan du lesa alle norske romanar frå 2012, og det er ingen dårleg ting å gjera, sjølv om eg ikkje veit kva du da ikkje får gjort. Kanskje du heller skulle skrive noko sjølv? Noko om deg, noko ingen vil høyre? Det er å gjera eit modig val.

Det rystande ved lesinga av denne romanen er ikkje minst å oppleva at språk og skriving i den grad kan gripe inn i folks liv, kan snu på livet. Nei, eg skal ikkje røpe oppgåveordlyden. Men det var ikkje ”Den største fisken far har fanget”. Det begynner med ”Hvorfor”. Ok da: ”Hvorfor jeg er…”. Og så er det eitt ord til. Eitt ord kan gjera den store forskjellen. Ord kan gjera tydeleg, framkalle, få fram i dagen.

Fire ord er det i tittelen på stilen. Ein liten tittel kan utløyse det store lasset. Ein tittel bed om noko, gir eit springbrett. Ei overskrift er eit tak og kan dekke og avdekke mangt. Å få ein tittel er ei dialogisk sak: Nokon vil ha noko av deg, nokon vil lesa deg. ”Ein gong far sa han var glad i meg.” Den stiloppgåva fekk eg ein gong. Men far sa jo aldri det! Kva skulle eg skrive? Den oppgåva var gripande nok. Eg hugsar ikkje lenger kva mamma dikta opp, men det var noko med ein hund, trur eg, enda vi hadde ingen hund. Stiloppgåva frå den unemnde romanen har eg aldri fått. Ikkje noko liknande heller. Kva ville skjedd om vi hadde fått den, da vi var 12, 14, 16 år?

Kanskje eg skulle skrive Helga-stilen likevel, alle desse tiåra etter eg var i stilskrivingsalder? Oppgåva kan vera som eit skarpt lys som skjer seg innover og leiter, og noko er det å finne. Nokon finn noko i meg. Eg vil finnast. Noko vil finnast. Og skrivinga er mi. Ingen kan ta ho. I romanen prøver foreldra å ta den ”farlege” skrivinga frå ungane sine. Det blir ein alvorleg kamp, og ungane et bokstavleg i seg det dei har skrivi, og alt blir tilsynelatande gjort til inkje.

Kva er det den unge Helga sett i gang? Ho gjer noko nytt innanfor ei gammal ramme, eller ho sprenger ei ramme. Det alminnelege blir heilt ualminneleg. Eit lite grep gjer mye. Fire ord gjer den store forskjellen i dette tilfellet.

Og ikkje nok med det: I tillegg til hovudskrivedramaet i romanen kjem mange tilleggsskrivedrama: Ein mann skriv eit brev til seg sjølv, og det er ingen spøk. Ei kvinne skriv eit brev til kjærasten sin, men sender det ikkje, ho skriv så eit femordsbrev på lysegrønt håpefullt ark, som i ein grangrøn konvolutt vandrar vegen frå postkasse til postkasse, og det ho skriv, blir sant fordi ho skriv det. Ein mann skriv brev før han for alltid forlet arbeidsplassen sin og så heile livet. Kursdeltakarar skriv ”underlig bevegende” tekster på tvers av alle oppskrifter. Ein liten gut skriv eit brev om at han vil bli brevberar når han blir stor, ein Postman Pat. Svarbrev får han med ein gong, om at det er eit modig val. Slik sluttar boka, denne boka som rører seg frå brev til brev, frå det inste i den enkelte og til dei store politiske handlingane.