Eddadikta – Etter tusen år endå meir aktuelt

LyrikkUkategorisertEddadikta – Etter tusen år endå meir aktuelt
Estimert lesetid 7min

“Om hundrede år er alting glemt”, skreiv Knut Hamsun.

Han er vel sjølv det beste døme på at det ikkje alltid stemmer: Det er godt over hundre år sidan han skreiv bøker som framleis er sprell levande.
Men om tusen år? Om tusen år må vel alt vera gløymt?
Det finst tusen år gamal litteratur som heller ikkje er gløymt, ja som vert berre meir og meir aktuell.

Eddadikt.
Eg skriv om eddadikta. Dei eldste av dei er truleg endå eldre. Dei fører jamvel fram ekko frå hendingar så langt attende som i folkevandringstida, på 4–500-talet.

Når litteratur ikkje gløymest så lett, kjem det som regel av at han er ein verdi vi ikkje vil missa. Dette er kulturarv, som er med på å skapa vår identitet, som ber med seg ei historie vi sjølve er del av, som minnar oss på verdiar og tenkjemåtar som har prega ætt og samfunn og som vi gjer klokt i å forstå om vi vil forstå vår eiga tid og ha ei framtid.

Norrøn.
Den viktigaste samlinga av eddadikt finst i eit handskrift vi kallar Kongeboka frå slutten av 1200-talet og som no er i Det arnamagnæanske instituttet i Reykjavik. Det er ikkje lett å lesa, av fleire grunnar: Skrift er meir eller mindre tydeleg, somt er borte, somt er vanskeleg å tolka.
Det dreier seg om ein norrøn arv, der nokså sikkert fleire kvad har opphav i Noreg. Men korleis halda denne arven levande for moderne nordmenn?

Gjendikting.
Svaret er sjølvsagt omsetjing, eller rettare sagt: Gjendikting, om ein skal ta vare på den sterke poetiske krafta.
Det er dette eg har teke på meg å gjera, for vår tid. Før meg gjendikta Ivar Mortensson-Egnund heile Kongeboka, det var for godt over hundre år sidan. Framleis lever det mykje kraft i gamle Ivars versjonar. Sidan fekk vi omsetjingar til bokmål ved Ludvig Holm-Olsen: Han tek ikkje med heile Kongeboka, her manglar det rett og slett heile kvad, men han opptrer meir som filolog enn Mortensson-Egnund.

Men kvifor då ny gjendikting?

Før eg svarar, kan eg ikkje dy meg for å kommentera Hamsun att:
Eg trur at om hundre år er alle gjendiktingar gløymde, meir eller mindre iallfall. Edda lever nok.

Forsking og språk.
Det er to viktige grunnar til å gjendikta på nytt om ein ser på Mortensson-Egnunds arbeid:
Den fyrste er at det har skjedd svært mykje forsking på eddadikta sidan hans tid, noko som m.a. fører til at tekstforståinga og omsetjingane ikkje vert like i mange tilfelle – der eg har hatt tilgang til det som i dag vert rekna for mest sannsynleg forståing av handskriftet.
Den andre er at vårt eige språk er i utvikling. Mange ord og seiemåtar i Mortensson-Egnunds gjendikting er rett og slett like uforståelege som handskriftet sjølv for andre enn filologar og spesielt interesserte.

Ser vi på Holm-Olsens gjendiktingar, er det færre endringar som må til ut frå tekstforståing, men også der er det grunn til å finna betre løysingar. Dessutan er delar av Kongeboka ikkje med i hans utgåver, til dømes det lange såkalla “grønlandske” Atlekvadet.

Mi målsetjing har vore å vera både filologisk på høgda og poet som gjenskapar av ein veldig diktekunst.. Kor godt eg har lykkast med det, får andre døma om. Eg er i alle fall glad for at poeten Jon Fosse skriv noko slikt som at eg sameinar det som er styrke hjå Mortensson-Egnund (poesien) med det som er styrke hjå Holm-Olsen (filologien).

Dikt for vår tid.
Men kvifor eddadikta? Det er då så mangt anna å bruka tid og skaparkraft på.
Javisst. Men eg oppdaga at eddadikta er meir aktuelle i dag enn nokon gong. For slik eg les dei, finn eg eit klårt spor inn mot det som trugar menneska og heile vår jord i dag.

Eit lite sidesprang først: For mange år sidan sa eg, litt oppgitt, til min ven og kollega Thorvald Steen at eg skjønar ikkje kvifor det skal vera så mange konfliktar og krigsliknande tilstander i våre dagars Austeuropa og Midt-Austen. Han svara: Fylg oljesporet, sjå kor oljeforekomstane ligg og korleis oljen vert transportert gjennom røyrsystem!

Og fylgde oljesporet, og då såg eg det klinkande klårt: Det dreier seg om å kontrollera og få profitt av det som iallfall då var den viktigaste naturressursen. Strid og svik og krig fylgjer i fotefaret av denne kampen om profitt av olje.

Det sporet eg fann i eddadikta er påfallande likt. Berre at der er det gull det dreier seg om. Byter ein ordet olje i dagens kamp om ressursar, makt og pengar med ordet gull, står eddadikta fram som profetiske ord om vår jord og vår tid. Og korleis grådugskapen er årsaka til undergangen.

Visjonær.
Vi møter det alt i det første diktet, Voluspå. Dette er eit visjonært utsyn over verdssoga, frå opphavet då alt vart skapt til endetida då alt rasar saman.
Der får vi høyra om korleis æsene i opphavet leika seg med gullet som i ein paradisisk uskuldtilstand. Men så kjem grådugskap inn i ei verd der det før rådde harmoni. Og så fylgjer sviket, drapet, krigen – og til slutt går verda under, jord og himmel rasar saman i endetidas ragnarok etter at harmonien i skaparverket er broten ned.

Blod og gull.
Fremst blant heltar i eddadiktinga er Sigurd. Tilnamnet Fåvnesbane fekk han av di han drap Fåvne som låg i drakeskapnad over den eldgamle gullskatten. Gullet vart deretter Sigurds.
Fåvne hadde sjølv drepe far sin for å skaffa seg gullet. Med det blodige gullet fylgjer ei forbanning som fører til strid mellom fedre og søner og sidan til ulukke for alle slekter – som Loke seier:

Eg trur dei er ufødde
enno dei kongar
som skal strida om gullet.

Blodsporet fylgjer gullet gjennom dei dramatiske hendingane i heltekvada. Her spelar både lagnadskrefter, gudars spel, manns og kvinnes hjarta, kjøts lyst, trolldomskraft, gjenføding av daude, omskaping og ombytting av kroppar og andre forviklingar, saman med heroisk dåd.

Krig og flyktningar.
Attom dei ofte brutale hendingane lyser gullet som fargar forteljingane blodraude og lokkar fram svik med myrklagde sjeler og drap som uløyseleg fylgje av det.

Då eg fylgde “blodsporet” i arbeidet mitt, kunne eg lett kjenna att vår samtid i desse litterære ekko frå folkevandringstida: Gamle rike bryt saman, krigerske hopar invaderer land, her er bestialske avrettingar og blodige slag. Tusenvis av menneske er på flukt. Ulike etniske grupper møtest. Dei gamle truene lever hjå sume av folkeslaga, ulike variantar av kristentrua kivast – og snart kjem dei fyrste ekspansjonsbylgjene frå den nye religionen islam med utgangspunkt i den arabiske verda.

Poesi og drama.
Denne rett og slett hyperaktuelle analysen av katastrofale tilstander som vi er konfronterte med i dag, gjer det svært viktig å lesa seg fram gjennom gullsporet i eddadikta. Det er dessutan litteratur med stor kraft, dramatiske forteljingar, humor på gudenivå med utarta festing og krangling i gudeheimen, vedunderlege poetiske bilete, ekko heilt attende til folkevandringstida – og ikkje minst: visjonære syn som vi treng sjå.

Nye ord i ny tid.
Men vi treng ny gjendikting også fordi tidlegare gjendiktarar har kvidd seg for – eller ikkje heilt forstått – dei sjokkerande direkte omtalane av skeiv seksualitet. Det er så råe ord og omtaler at ein truleg ville blitt meldt til politiet om ein hadde sagt slikt i dag. Men eg vel likevel å finna ord i moderne norsk som er like råe i omtalen av homoseksualitet og kjønnsskifte som somme av eddadikta gjev.

Igjen dette: Vi treng nye og nye gjendiktingar av den klassiske litteraturen, og då ikkje minst denne eldgamle litteraturen. Eg vil gå så langt som til å hevda at kvar generasjon fortener si gjendikting.

Skal eg då tru at det arbeidet eg har levert vil leva i –ikkje hundre, men tretti år?



Les meir om Eddadikta på forlagets nettside.