I år er det Ingebjørg Bratland som gir oss julestemninga

SkjønnlitteraturKlassikereI år er det Ingebjørg Bratland som gir oss julestemninga

Det har vore ein sann svir for Ingebjørg Bratland å plukke ut dei finaste tekstane ho veit om til jul. No kan vi lese desse i antologien «Klokkene kallar».

Estimert lesetid 3min
Ingebjørg Bratland portrett
– Eg har heilt frå eg var lita vore utruleg glad i å lese, og eg er spesielt glad i norske og svenske forfattarar. Så eg hadde fleire tekstar eg tenkte på då dette bokprosjektet kom i gang. (Foto: Astrid Waller).

Av alle tekstane ho har samla, er det kanskje «Pelle i rotebu» som står hjartet hennar nærast. Dette er nemleg ei forteljing ho har vakse opp med sjølv:

– Den boka var fast innslag i adventstida heime hjå Gommo og goffa, då eg var barn.

Antologien Klokkene kallar er ei samling av både eventyr, forteljingar, dikt og songar, perfekte for å kome i ordentleg julestemning. Det er både klassikarar, ukjende perler som den frå Lindgren, men her finn vi også innslag frå samtidskunstnarar og forfattarar. Både Odd Nordstoga, Trygve Skaug, Gro Dahle og Ingebjørg har tekstar her, blant mange andre.

Ingebjørg syntest det var rein luksus å få boltre seg i tekstar til jul. (Foto: Astrid Waller)

Draumejobben for ein lesehest

Då Ingebjørg skulle sette i gang arbeidet med denne boka, hadde ho allereie nokre favorittar i tankane, så det var ikkje vanskeleg å gi seg i kast med arbeidet. Ingebjørg Bratland er nemleg litt av ein lesehest sjølv.

– Heilt frå eg var lita har eg vore utruleg glad i å lese, og eg er spesielt glad i norske og svenske forfattarar. Så eg hadde fleire tekstar eg tenkte på då dette bokprosjektet kom i gang. Elless fekk eg tilsendt mange tekstforslag frå forlaget mitt, Cappelen Damm. Det var rein luksus å velje ut favorittar. Ikkje vanskeleg i det heile.

Ein nydeleg juleandakt

Av alle bidraga som skulle med i boka, var det nokre som gjorde særskild inntrykk. Særleg glad blei ho då biskop Kari Veiteberg blei med i prosjektet.

– Eg er veldig stolt av at biskop Kari Veiteberg takka ja til å bli med i boka. Eg synest ho er ei veldig klok dame og ein god prest. Juleandakten ho har skrive blei nydeleg. Så må eg også nemne Gulraiz Sharif. Han er jo debutant i haust, så eg las debutboka hans no nyleg, han har ein artig og «frisk» penn! Og ikkje minst så blei tekstbidraget hans til denne boka både  fint og svært sjarmerande.

Draumane om ei kvit jul

For at Ingebjørg Bratland skal kome i julestemning sjølv, er det særleg ein ting som må vere på plass:

– Snø er viktig. Eg feira jul i Sør-Frankrike i fjor. Då fekk eg kjenne på det der å feire jul i det såkalla «Syden». Fekk ikkje heilt julestemning av palmar og glorete plastpynt på strandbarane ved Rivieraen, liksom…

Til slutt bad vi Ingebjørg Bratland om å dele sitt beste juleminne med oss, men det var ikkje så enkelt:

– Å, eg har mange. Greier ikkje plukke ut eitt. Men alle dei gode minna har dette med lys, snø, knitring i vedkubbane og god lukt av grønsåpe, julebakst og julemat i seg.