«Legg ikkje ditt liv i mi hand» av Åse-Marie Nesse

Ukas dikt er «Legg ikkje ditt liv i mi hand» av Åse-Marie Nesse. Det er et enkelt dikt om kjærlighet

«Legg di hand i mi hand så er vi sterke saman». (Foto: Nathan Dumlao, Unsplash)

Åse-Marie Nesse (1934–2001) var forfatter, oversetter og førsteamanuensis i tysk litteratur ved Universitetet i Oslo. Hun nådde ut til et stort publikum med sine dikt og vant en rekke priser for egne dikt og gjendiktninger, bl.a. vant hun Ønskediktprisen.

«Legg ikke ditt liv i mi hand» ble utgitt første gang i Nomadesongar i 1978.

LEGG IKKJE DITT LIV I MI HAND

Legg ikkje ditt liv i mi hand
om min kjærleik er svar
min kjærleik er også eit rop
i motvind

legg ein blom i mi hand
ein tusenfryd i dag
ein tistel i morgon
og den lækjande urt
som veks av tårer

legg ein fugl i mi hand
ein pjusket liten fugl
så stryk eg han vakker
og lærer han å flyge:
Kom tilbake når du vil

legg di hand i mi hand
så er vi sterke saman
så er vi svake saman
så er vi saman

men tyng meg ikkje ned
med din kjærleik
legg ikkje ditt liv i mi hand
lev sjølv –