Hva folk sier med hendene

NovellerNovellerHva folk sier med hendene

Helt fra hun var liten har forfatter Tone Myklebust likt å observere folk. Spesielt hender. Hun glemmer ikke et par hender som hun har sett nøye på.

Estimert lesetid 4min
Tone Myklebust
Debutant Tone Myklebust viser en unik evne til å se andre mennesker i sin novellesamling «Det stoppar ikkje her». (Foto: Studio Hjelm, Henriette Framnes Time)

Når man snakker om forfattere og skriving, er det ofte språket det legges vekt på. Vi glemmer nesten at det handler om oss, at all skriving handler om hvordan vi er mot hverandre og hvilken plass vi tar i verden. I Tone Myklebust sin novellesamling Det stoppar ikkje her viser forfatteren en unik evne til å se andre mennesker.

Er du en av dem som sitter på bussen og kaféen og legger merke til hva som foregår mellom folk?

– Definitivt. Eg tykkjer menneskeleg samspel er noko av det mest spennande som finst, og har alltid vore ein observatør. Heilt frå eg var lita har eg dessutan lagt spesielt merke til hender. Andre detaljar ved eit menneske kan forsvinna frå minnet, men hender eg har sett nøye på, gløymer eg stort sett aldri. Eg kan f.eks. framleis sjå for meg kva slags klokker folk eg gjekk i klasse med på vidaregåande skule brukte. Ei anna sær interesse eg har, er å sjå debattprogram på TV med lyden av. Kroppsspråk, mimikk, maktbalanse, attraksjon og aversjon mellom debattantane stikk seg mykje meir ut når lyden er vekke. Eg synest det er fascinerande, sier Tone Myklebust. 

Fakta

Tone Myklebust

Navn og alder: Tone Myklebust, fersk 50-åring

Jobber med/opptar meg ved siden av skrivingen: Er utdanna og har tidlegare jobba innan pedagogikk/leiing, men begynte i 2010 på Forfatterstudiet ved Kunstakademiet i Tromsø. Har sidan for alvor meldt overgang til litteraturverda, og jobbar nå deltid som bibliotekar mens eg skriv og studerer bibliotek- og informasjonsvitskap. Er opptatt av kunst generelt òg, i tillegg til litteratur, fotografering spesielt.

Hvor og når skriver jeg: Har alltid med meg penn og notatbok, men liker best å skriva tidleg om morgonen, med det same eg vaknar, før noko eller nokon har stukke hòl på dagen min. Har eige skriverom, med tilgang berre frå soverommet. I tilknyting til dette finst det ein liten veranda som eg trekker ut på i fint vêr. Elles er rolege kaféar ein favoritt, f.eks. den på Hå gamle Prestegard på Jæren.

Leser nå: Ei novellesamling eg fekk anbefalt av redaktøren min: Ingen hører til her mer enn du, av Miranda July. I forkant av den las eg Dei sju dørene av Agnes Ravatn og Vår vesle av Kristin Auestad Danielsen, begge romanar. Nokre norske samtidsnovellistar eg set stor pris på er Bjarte Breiteig, Ingvild Rishøi og Laila Stien. Danske Helle Helle har eg òg lese mykje av.

Hører på: Avheng av sinnsstemninga eg er i eller sinnsstemninga eg ønskjer å koma i, men liker uansett best å ta inn musikk berre via øyrene. Opplever ofte det visuelle i ei framføring som veldig forstyrrande. Ser derfor lite musikkprogram på TV. Leonard Cohen, Stein Torleif Bjella og Tønes er artistar eg har stor sans for. Til skriving fungerer instrumentalmusikk best.

Største inspirasjonskilde: Menneske, menneske, menneske. Det skjøre og skeive og uperfekte. Natur i alle fasongar, kunst som treffer meg og språket i seg sjølv.

Tre nettsteder jeg alltid sjekker:

Startar gjerne med Yr, Dalane Tidende (lokalavisa) og Facebook.

– Plutseleg kjem livet og angrip oss

I boka hennes møter vi en håndfull mennesker som stort sett alle har satt seg fast i livet. I første novelle treffer vi hundemannen, som pisser på treet til svigerforeldra. Han har blitt behandla som en hund av kjæresten sin så lenge at han har begynt å ligne på ei bikkje. Her er kvinnen som skal forlate mannen sin for en annen, men har vanskelig for å forlate rollen som den trygge kona med klesvasken i fanget. Og så er det søstera som det alltid går så bra med, men som må kyle ned ei flaske vin for få pause fra å være alle andres klippe i livet.

– Plutseleg kjem livet og angrip oss, og me må på eit eller anna vis svara på dette. Det er i slike situasjonar eit menneske kjem tydelegast fram. Noko røskar og riv og får fram det rå og upolerte. Eg trur dei fleste av oss i løpet av livet vil oppleva å føla oss trengd opp i eit hjørne. Trass i at det vestlege tilvære i dag (i alle fall i pre-koronatid) er sterkt prega av at menneske trur me kan kontrollera det meste, opplever me frå tid til annan at dette er ein illusjon, sier Myklebust.

Novellene dine blir en måte å undersøke menneskenes tilstand på. Har du vært bevisst på det?

– Eg har i ulike samanhengar høyrt Vigdis Hjorth seia at å skriva for ho, er å undersøka. Det kjenner eg meg igjen i.

Det er mye urettferdighet som kan finne sted på hjemmebane, som stivner til fordi man ikke har et system for å fange det opp og røske tak i det. Litteratur kan gi et annet blikk på slike situasjoner. Tror du at den sånn sett kan være frigjørende? 

– Det er mange ting ein kan kjenna seg aleine om og trur at ingen andre slit med eller forstår. Å få lesa om dette i ein annan sin tekst kan bidra til at ein kjenner seg litt mindre som eit utskot. Ein kan òg få augo opp for at nokre ting handlar meir om strøymingar og liner i samfunnet enn om private forhold, og at ansvaret derfor ikkje berre kan ligga hos den enkelte.

Kunne ikke skrevet boka som 20-åring

I novella «Ikkje for hovudscenen» møter vi ei middelaldrende kvinne som innleder et forhold til en pen yngre mann, som man i utgangspunktet kan tenke at er litt for god for henne, men så snur det, og du skriver om verdien av å ha en del livserfaring. Føler du at det også gjelder for skriving? Kunne du skrevet denne boka som 20-åring?

– Nei, det kunne eg ikkje. Fordi både kroppen, mange av tankane og til dels haldningane mine var annleis på den tida. Eg tok rett og slett inn verda på ein annan måte, og hadde nok langt fleire svar og dermed òg færre spørsmål enn no. Det er noko av grunnen til at eg synest det er så viktig at litteratur kjem frå ulike stader og miljø, men òg frå folk i forskjellige aldrar. Me bidrar alle til det konglomeratet som til saman utgjer ein slags heilskap.