«Du» av Marie Takvam

DiktDikt om kjærlighet«Du» av Marie Takvam

Ukas dikt, «Du», er et vakkert kjærlighetsdikt av Marie Takvam.

Estimert lesetid 1min
Frognerparken om sommeren
Du må vere komen til byen!/Eg ser det på trea i parken./Dei står med bivrande lauv,/Tar imot kyss frå sol og vind. (Foto: Nick Night, Unsplash)

Marie Takvam (1926 – 2008) var en populær lyriker og skuespiller. Hennes forfatterskap bestod av 10 diktsamlinger, to romaner, drama og en barnebok. Takvam skrev ofte dikt som uttrykte en ekstatisk livsfølelse og lidenskapelig begjær slik det er gjort i «Du», som her er hentet fra Dikt i samling.

DU

Du må vere komen til byen!
Eg kan tydeleg sjå det.
Alle hus ligg og smiler til meg.
Dei har forstått at eg elskar deg.

Du må vere komen til byen!
Eg ser det på trea i parken.
Dei står med bivrande lauv,
Tar imot kyss frå sol og vind.

Du må vere komen til byen!
Derfor
denne ufattelege glede
frå lyset og lufta
frå seglbåtane i brisen.

Alt er onnorleis i dag.
Det som i går var grånande husrekkjer
Er i dag overstrøymt av gull og purpur
frå solnedgangen.

Det som i går var kvardagsmenneske
På veg til bussar og bilar,
er i dag personlegdomar
med indre liv.

Det som i går var trafikk og bråk
er i dag klang frå byens hjarte,
det store som driv alt framover!
Kort sagt: Du må vere komen til byen!