«Å vera i livet» av Haldis Moren Vesaas

DiktDikt om kjærlighet«Å vera i livet» av Haldis Moren Vesaas

«Å vera i livet» av Haldis Moren Vesaas er tilegnet mor, men det handler først og fremst om å være til stede i livet og gi rom og trygghet til andre.

Estimert lesetid 2min

Haldis Moren Vesaas (1907–1995) er en av våre kjæreste lyrikere. Hun har også betydd mye for nynorsk språk og kultur. Vesaas skrev åtte diktsamlinger, og mange av diktene hennes blir ofte opplest i høytidsstunder.

Haldis Moren Vesaas har også skrevet en hyllest til mor. Det er «Å vera i livet» som kom ut i samlingen I ein annan skog fra1955.

Ukas dikt

Å vera i livet
(Tre vers til mor)

Dette: å vera i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik.

Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og aukar den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølve er.

Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.