«Å eiga» av Aslaug Vaa

Dikt om kjærlighetDikt om kjærlighet«Å eiga» av Aslaug Vaa

«Å eiga» er et kjærlighetsdikt av Aslaug Vaa. Det kom ut første gang i samlingen «Skuggen og strendan» i 1935.

Estimert lesetid 2min
Foto av rød hengelås med hjerte på som henger sammen med mange andre låser på et gjerde
«Stundom spør ein: / Kan ein eiga eit anna menneskje?», skriver Aslaug Vaa i sitt dikt «Å eiga». (Foto: Getty)

Aslaug Vaa (1889 – 1965) var 45 år da hun i 1934 debuterte med samlingen Nord i leite.

Som dikter sto hun for en kombinasjon av «å høre hjemme» både i dialekt og tradisjon, sammen med orienteringen mot det moderne. Geir Tveitt har tonesatt flere av Aslaug Vaas dikt.

Ukas dikt, «Å eiga», kom ut i diktsamlingen Skuggen og strendan i 1935.

Å eiga

Stundom spør ein:
Kan ein eiga eit anna menneskje?

Når to møtest
i hug og hold
og kjenner seg eitt
so ikkje anna er te –
kjenner seg eitt
i eit augnekast,
i eit lite ord,
i ein tanke,
i hugskot
som fer som kornmod
ivi blømande engjir –
kjenner seg eitt
i det ein aller nevner
men som er som svalande regn
for solbrend mold.

Når to hev møtt einannan
slik at ikkje anna var te,
slik at dei kjende seg sterkar enn alt
og veikar enn alt,
skjønna berget, so hardt det er,
skjønna blomen, so mjuk han er –
og stend eismalle att.
Er ein då eismall?
Er ikkje då det andre men’skje med
i kvar rørsle ein gjer?
Ja, kan ein då noko sinn bli eismall att?

Når to gjev seg til kvarandre,
og dei stend eismalle att
kjem det ein stri
i hugen,
i holdet,
om det å eiga
og det å vera fri.

For enno er men’skje bundne
og veit ikkje kva dei sei
når dei musar til kvarandre:
eg elskar deg.

Fyrst dei hev sagt ordet
rymer dei
som for ein brand dei hev sett på.

Fyrst når to men’skje kan sei til kvarandre:
Gå der du vil,
du er du!
Gjer det du vil,
eg er eg –

Men eg ser vegen din
og eg lyder etter fotefari dine
og eg kjenner din vilje
strøyma gjenom blodet
i javne, rolege pulsslag –

Fyrst då kan to men’skje eiga kvarandre.