Barndommens nattbord: Intervju med Rune Belsvik

BarnebøkerBarndommens nattbord: Intervju med Rune Belsvik
Estimert lesetid 4min
Verdas søtaste turist
Rune Belsviks siste bok, Verdas søtaste turist, som kom i høst, fekk Fævennens Emil Otto Syvertsen til henta fram superlativa og gje boka terningkast 6!

Rune Belsvik (1956) har eit langt, breit og prisbelønt forfattarskap bak seg. Nyleg kom boka Verdas søtaste turist, som er ei ny fortelljing om det forelska paret Bidger og Esmiluni i Bløygen. Denne gongen er det turisme og Bidgers draum om å bli far, som står sentralt. Bidger veit ikkje korleis barn blir til, men Bøttefanten veit råd.. Otto Emil Syvertsen i Fævennen gir boka terningkast 6 og skriv i begeistring: «Dette er Belsvik på sitt beste, kreativt tøys med djupt alvor, stor varme og herleg underhaldning.» Dette er ei god beskriving av Runes forfattarskap i det heile. Han debuterte i 1979 med Ingen drittunge lenger, ei bok han fekk Noregs mållags pris for. Barnebøkene om Dustefjerten er to gonger tildelt Kulturdepartementets litteraturpris og ei rekke andre prisar. Rune kan og flotte seg med Brageprisen for Beste ungdomsbok for Ein naken gut, i 2000.

Belsvik, RuneSortHvitt
Rune Belsvik skriv for både vaksne og barn. Han kan visa til eit stort, kritikerrost og prisbelønt forfattarskap. Fotograf Sol Nodeland

–         Er det ei eller fleire bøker frå «barndommens nattbord», som har gjort spesielt sterkt inntrykk på deg?

– Eg hugsar ikkje ei einaste bok.  Eg trur ikkje det var så mange bøker heime hos oss.  Men ein gong på ungdomsskulen, eller var det barneskulen, blei me sleppt inn på eit halvmørkt rom der eg hugsar nokre grøne bokpermar.  Eg forsto ikkje heilt vitsen med dette rommet, og ikkje korfor vi skulle inn der.  Kanskje opna eg ei av bøkene og las ei linje.  Eg kan ikkje hugsa det.  Eg hugsar berre kor stort alvor det var i ansiktet på folk som snakka om bok.  Bok var noko høgtidelig.  Alt i boka var skrive svart på kvitt, og det betydde noko spesielt.  Vi las i skulebøkene.  Eg hugsar berre at dei handla om andre folk andre stader, heilt til det dukka opp ei forteljing, der det sto skrive at ungane var svoltne.  Det var så nydelig å lesa det.  SVOLTNE.  Det visste eg kva var.  Eg las spent vidare, for å få med meg kva dei ville eta.  Det var kanskje første gong eg såg noko i ei bok som var likt på meg, og ikkje berre veldig alvorlig.

–         Var du av dei heldige som fekk sitte på eit vaksenfang og bli lese for som barn? Og hadde du nokre gode stunder med ein lesande vaksen på sengekanten?

– Av barndommens høgtlesing hugsar eg eit einaste ord:  BUSTEBARTEPINN.  Det ordet kom ut av munnen til mor mi.  Ho las det frå ei bok vi hadde.  Ja, så hadde vi iallfall minst ei bok, og i den boka var det ein BUSTEBARTEPINN.  Var han snømann?  Eg ser opp på mor mi, når ho les det ordet.  Kanskje sitt eg på fanget også.

 –         Kva har litterære møte i barndommen hatt å seie for ditt skapende arbeid?

– Eg veit ikkje korleis ord og forteljingar har virka på meg.  Men dei har nok virka.  Eg fekk abonnera på NORSK BARNEBLAD.  Eg gledde meg til det kom i posten.  Det var ei spalte der som heitte MORO, og der var det skrive mange gode vitsar, som eg kunne imponera mor mi og kameratane mine med.  Det var også noko som heitte LESARBREV eller noko liknande der.  Der skreiv eg for første gong noko som framande kunne lesa.  Eg kom rett og slett på trykk.  Eg fekk i tillegg svar.  Det var ei jente som skreiv til meg, at ho låg i telt i hagen utfor huset, og at ho tenkte på meg.  Det var heilt utrulig.