«Etter ein rangel» av Jakob Sande

Dikt«Etter ein rangel» av Jakob Sande

Ukas dikt er en klassiker mange oss tenker på dagen derpå: «Etter ein rangel» av Jakob Sande.

Estimert lesetid 2min
Ben som henger over en gammel parkbenk i svart-hvitt. Illustrasjonsfoto til Ukasdikt
I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv / trur eg / Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv / trur eg.

Jakob Sande (født 1. desember 1906, død 16. mars 1967) ga ut ti diktsamlinger. Han vekslet mellom dikt med grotesk humor som i Etter ein rangel og Likfunn og mer sentimentale dikt som for eksempel Fløytelåt.

I forlagsbransjen er det mange anledninger til å feire og feste. Da heter det gjerne at man skal være helt om natten og helt om dagen. Jeg er sånn sett en dårlig forlagsmann for jeg prøver nok å være helt om natten, men er ofte vrak dagen etter. Etter ein rangel er tilegnet nattens glade helter.

Ukas dikt som antologi

«Etter ein rangel» er med i diktantologien Ukas dikt, som er basert på den populære Boktips-spalten med samme navn. Her får du de 100 mest populære diktene fra spalten, med bidrag fra kjente og kjære poeter som Kolbein Falkeid, Alexander Fallo, Gro Dahle, Inger Hagerup, Halldis Moren Vesaas, Olav H. Hauge, Kari Bremnes, Trygve Skaug, Lars Saabye Christensen og mange, mange flere.

ETTER EIN RANGEL

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
-trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,
-trur eg.
Eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus,
men synge åndelege sanger i Zions bedehus,
-trur eg.

Alle kvinnfolk som eg møtar skal eg sky som bare fan,
-trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan,
-trur eg.
Eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffe medan drøset går om andelege ting,
-trur eg.

Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste natt,
-trur eg,
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt,
-trur eg.
Eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol,
og stå opp når hanen flakser og gjel i morgonsol,
-trur eg.

Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,
-trur eg.
Taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt,
-trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst
at eg må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst,
-trur eg.