& Beaten held fram

LyrikkUkategorisert& Beaten held fram
Estimert lesetid 4min
Poesifest_logo (2)

Lørdag 9. november er det Poesifest på Cappelen Damm. I den kommende uka vil du finne noen av tekstene fra nettstedet til festen her på Forlagsliv. I dag er det Frode Grytten som forteller om hvordan han ble inspirert til å danne Frode Grytten Beat Band:

& BEATEN HELD FRAM


av Frode Grytten

Å sjekke inn på Beat Hotel ein sur kveld i november og finne eit gjenglømt dikt i lomma

Dette bandet kom til verda onsdagskvelden 15. oktober 2008. Då skulle eg eigentlig halde foredrag om beatpoesi og musikk på Forfattarsleppet i Bergen. Men, ahhh, kom igjen! Eit foredrag? Foredrag! Pingvin-støv! Analysemodellar! Bananskrell! Så vi kjørte på i staden, kjørte ut, show it, don’t tell it. Gi oss beat. Gi oss beatpoesien. Jazzen & Beaten.

Det endte med at eg leverte ut foredraget på to A4-ark til folk før vi spelte ein times konsert. Med Pedro Carmona-Alvarez på vokal og fire kule jazzkattar bak oss. Vi skulle illustrere samanhengen mellom tonane & orda, bandet mellom jazz & beat, korleis beatgutane rappa ordet frå jazzen, beat var eit uttrykk for å vere over & ut, nede for teljing. Beatkarane rappa det & gjorde det til sitt, skrudde det i ny retning, som Jack Kerouac sa: ”Beatitude, not beat up, you feel this, you feel it in a beat, in jazz real cool jazz.”

Frode Grytten Beat band 2
Foto: Helge Skodvin

Jazzen var det ultimate referansepunktet for beatpoetane, det var ikkje bare sjølve musikken, men haldninga, mytene, livsstilen. Det var ein måte å gå på, preike på, ete på, puste på, kle seg på, walk that walk, talk that talk. Dei amerikanske poetane var barn av den amerikanske bop-natta, dei tok rytmen, versa, saksofon-soloane & putta dei mellom permar, dei tok dressane & fylte dei med ord & setningar, dei sette seg ved pianoet & spelte ein roman, dei monterte eit trommesett & fikk ei diktsamling.

Konserten var såpass vellykka at vi har heldt fram som meir enn eit illustrert foredrag. Vi har spelt i heile landet, på Nattjazzen i Bergen, i Operaen i Oslo, på Petter Dass dagane i Sandnessjøen, på Kapittelfestivalen i Stavanger, på Litteratursymposiet i Odda, på Litteraturfestivalen på Lillehammer. Vi har reist på riksvegen, tatt ferjer og dukka inn i avsides dalar, vi har til og med spelt på ei øy på Sørlandet med masse natur og fullt av hellyhansenaustlendingar rundt oss.

Først nytta vi dikt av Allen Ginsberg, Frank O’Hara, Gregory Corso, Harold Norse, Jack Kerouac. Funka fint det, men etterkvart har vi tatt til å bruke meir av eigne tekstar og plukka opp songar som vi sjølve har eit tett tilhøve til: Velvet Underground, Tom Waits, Peter Gabriel, Talking Heads, Flaming Lips, The Clash. Ein ser sjølvsagt spor av beaten i både pønken & nyveiven & rocken. Patti Smith er ein beatpoet i rockeklede, Tom Waits har alltid vore ein beatnik, The Clash drog med seg Allen Ginsberg både på scena & i platestudio, slik Dylan hadde gjort det på sin Rolling Thunder Revue på syttitalet.

Beatniken blei i si tid hippie, og beatrørsla var kjapt over, ein av dei kortaste generasjonane nokon gong i litteraturen. Poetane brann ut som nyårsrakettar over New Jersey, blei liggande i grøftekanten, ferdige, upassande, idiotiske. Men beat-karakteren lever vidare, rørsla meisla i si tid ut den kule outsideren, opprøraren som kan stå fritt, han som ikkje har bardunar i det etablerte, han som kan seie & synge kva han vil. Kan vi tenke oss ein rockenrollar sitje i eit tv-studio i dag utan at det renn beat gjennom han? Nei, det kan vi ikkje.

Men no: Nok preik, ok? Beat! Det skal bli gylne sardiner & avkledde hjernar, det skal bli Amerika med vestlandsbeat, krafsande, diggande, blesflekka frå alle romma på Beat Hotel. Bare Jazz som bles fletta av deg igjen. Denne kvelden vil du forstå deg sjølv på ein heilt ny måte, denne kvelden vil alle livets mysterier bli løyste og sanninga lyse frå scena.You feel it, the beat in a jazz, real cool jazz. Hør etter på eigen risk.

NB Frode Grytten Beat Band spiller på Poesifest i Cappelen Damm-huset lørdag 9. november kl 2015. Det er gratis adgang!