«Skuggar» av Knut Ødegård

Ukas dikt er «Skuggar» av Knut Ødegård fra samlingen Tida er inne som han har tileigna Sylvi Listhaug.

Portett av Knut Ødegård
(Foto:Anna-Julia Granberg/Blunderbuss/Cappelen Damm)

«Det burde vært flaggdag», skreiv ein begeistra Egil Olav Aune i Vårt Land då Knut Ødegård i fjor hadde gjennomført sitt mange års arbeid med eddadikta i fire volumiøse band.

I år er det femti år sidan poeten Knut Ødegård debuterte med Drøymaren, vandraren og kjelda. Det er gått åtte år sidan hans forrige diktsamling, Det blomstra så sinnssjukt. I årets diktsamling finst nedslag frå det tette samlivet med den norrøne poesien, tydelegast i eit langt dikt i siste avdeling der han vidarefører volvas profeti i Voluspå om verdas undergang. Grådugskap og egoisme har i ei nær framtid forgifta livet på jorda og øydelagt vår respekt for menneskeverdet.

Mange av dikta handlar om gamle menneske, om aldring og forfall: Den aldrande diktaren ser presist korleis kroppen endrar seg og døden nærmar seg, men òg korleis menneskehjarta er det same – og korleis kjærleiken mellom eldre kan vera djup og vakker.

Diktaren oppsøkjer gjerne dei mørke krokane i samfunnet og menneskesinnet for å løfta fram dei mest sårbare og minst synlege blant oss. Det gjeld ikkje berre dei skrøpelege gamle, men òg t.d. den feite jenta på treningssenteret, skam som pregar både guten som vart misbrukt av kyrkjetenaren, ho som forelska seg i ein tysk soldat under krigen og krigsbarnet som vert pissa på. Den valdtekne mora som flyktar frå Aleppo men druknar med barnet i havet på veg til Europa freista i det minste gje det farlause barnet ei framtid.

Knut Ødegård er tildelt ei rekkje norske og internasjonale prisar og utmerkingar for diktinga si og diktbøkene hans er komne på 37 språk.

72 år gamal er Knut Ødegård meir «på høgget» som poet enn nokon gong før. Det er ein vital og framfor alt modig poesi, gjennomsyra av dristig biletskaping og vilje til å opplysa dei mest mørklagde og tabubelagte rom i vår tids menneske- og samfunnssyn.

Få om, nokon stader, er dette tydlegare enn i diktet «Skuggar» fra Tida er inne:

SKUGGAR

(til Sylvi Listhaug)

Då månen hadde kvesst seg sylskarp
på stjernehimmelen kraup dei som
ormar ut av det fuktige kjellarmyrkret
og heldt seg tett inn mot restane av murvegger
i Aleppo by, mest usynlege skuggevesen
i myrke klede. Det er ikkje regn

av klasebomber glasskår spikrar
over dei no, dei listar seg fram og Maryam
ammar barnet ho fødde på murgolvet: Dei kom
med profetiske ord og reiv av henne kleda,
trengde inn i henne alle stader, éin etter éin
til ho låg der blant daude og halvdaude.

Dei er berre skuggar og restar av bål, sur blåsvart oske
i skogkanten. Maryam ammar
sin farlause son. Dei lista seg sakte
ut av luktene av stram urin
sveitte og rotnande matrestar, frå rotteaugo
som skein i bålet dei hadde tendt
av samanbrotne møblar på steingolvet.

I måneskinet viklar dei seg ut
av ein veldig spindelvev som klistrar seg til dei
der dei slit seg ut av veven
med flugevenger myglande matrestar
i dei klisne trådane. Grønt månelys.

grønt månelys.
Dei er augo som lyser i grønt måneskin
i utkanten av ein småby.
No hengjer dei opp klesfiller på snorer
dei har strekt ut mellom trea her,
Maryam fugletynn skugge, papirlaus
i si ferd vekk frå kjellarmyrkret

Maryams magre føter, dei går
gjennom ørken, sand sand i hudporene sand, lite mjølk
i brysta hennar som trør i ørkenen men sonen teier
ikkje mat ikkje vatn ikkje vern 40 grader hete sol logar

og dette fylgjet kjem til ei strand
der Europa kviskrar og lokkar i bylgjer frå andre sida,
ho minnest ord om eit lova land av mjølk og honning
og pressar fram av sårskorpene i munnen
ein smil til guten: Mjølk mjølk honning syng ho
for han og såra opnast att i leppene hennar, blodet
dryp i sand.

Dei kom dit ei natt utan månens skin, der var
eit piggtrådgjerde dei skar opp huda si på: Dei kom til ei strand der bylgjene kviskrar Europa,
ikkje krig ikkje svolt ikkje valdtekt.
Mjølk mjølk og honning åt deg barnet mitt
song Maryam

Månelaus natt og det skreik
i myrkret, menneskerøyster som rovfugl som ulv.
To av dei vart borte den natta,
då morgonen kom fanst dei to brørne: Låg slengde
i busker med utskorne nyrer, tome
augnehòler.

Morgon kom, bylgjene leika så blåe
i brisen.
Der brørne vart borte låg no
ein gummibåt, ei betaling kanskje åt dei tolv
som var att? Ikkje tenkja no, syngja berre
for barnet mjølk og mjølk og

På sjøen kom vinden med kraftige tak, han hogg
i båten. Kvelvde han
midtvegs på havet.
Tre av dei nådde ikkje båtsida
med dei iskalde fingrane sine, dei dreiv bort
frå dei og Maryan og barnet sokk i si våte grav
som var grøn og myrkna nedover
mot havbotnen. Tare og underlege fiskar
tok mot dei der dei gleid ned
i havbotnens tussmyrker som sakte
svartna heilt. Ho heldt den farlause
tett inn mot sine mjølketome bryst.