Barndommens nattbord: Intervju med Arnfinn Kolerud

Barn 6-8 årUkategorisertBarndommens nattbord: Intervju med Arnfinn Kolerud
Estimert lesetid 3min

Arnfinn Kolerud (f.1968) kjem frå Romsdal, men bur på Flatraket i Nordfjord. Han skriv både for barn og vaksne og har fått fleire prisar for bøkene sine. Han liker godt å spele sjakk og besøke barneskular. I høst er han aktuell med Snillionen, ei humoristisk forteljing om kor vanskeleg det er å vere styrtrik – og eit godt menneske.

Arnfinn Kolerud
Arnfinn Kolerud er en allsidig og prisbelønt forfattar som skriv både for vaksne og for barn. No er han aktuell med nok ei barnebok, Snillionen, om brått å verte veldig rik… Foto: Kristin Oldeide

Når Frank og mor vinner i Lotto

Snillionen handlar om kva som kan skje når vanlege folk, som Frank og mora vinner i Lotto. Då blir sjølvsagt ingen ting som før. Alle i bygda er etter dei tjuefire millionane deira, og mor gjer det ikkje lettare ved å love pengar til den som er snillast. Frank og mora flyktar til Syden. Men kor lenge kan dei stikke hovudet i sanden? Kven vinn konkurransen? Og kan det verkeleg ende med at Frank ikkje får ei krone?

Snillionen
Arnfinn Koleruds nye barnebok Snillionen er ei humoristisk forteljing om Frank og mor som vinner i Lotto.

– Er det ein eller fleire bøker frå «barndommens nattbord», som har gjort spesielt sterkt inntrykk på deg?

– Ikkje som eg hugsar no. Eg las dei vanlege stablane med Donald Duck og Bamse og Bobseybarna og Lucky Luke og Asterix. Norsk Barneblad kom i posten. Eg slukte alt. I ettertid ser eg på det som mengdetrening.

Var du av dei heldige som fekk sitte på eit voksenfang og bli lese for som barn? Og hadde du nokre gode stunder med ein lesande vaksen på sengekanten?

– Eg var av dei heldige som las tidleg sjølv. Eg hadde neppe noko ønske om at foreldre eller søsken skulle lese for meg. Dei lesande vaksne var inni radioen. Anne Cath. Vestly var nok der, og Alf Prøysen og Torbjørn Egner. Dei hadde gode stemmer. Som vaksen har eg så vidt prøvd å lese for ungar sjølv, ikkje for at dei skal få litterære opplevingar, men med håp om at dei skal sovne.

Kva har litterære opplevingar i barndommen hatt å seie for ditt skapande virke?

– Eg har fått servert mykje god mat i livet, utan at eg har fått lyst til å lage mat sjølv. Så det treng ikkje vere ein samanheng der. Men ein viss kondisjon har det gitt meg. Eg vart van med å leve meg inn i ei historie i mange timar, over mange dagar, som eg nyt godt av når eg skal bruke eit år på å skrive ein roman. Og all mengdetreninga eg nemnte kan ha fått meg til å forstå at ei historie kan handle om kven som helst som gjer kva som helst – og at det kan bli litteratur ut av det.