Fjernlengsel yver Jadren

LyrikkUkategorisertFjernlengsel yver Jadren
Estimert lesetid 3min

Helge Torvund
Alabama?
Dikt, 86 s.
Aschehoug 2011


Alabama? spør Helge Torvund i tittelen på diktsamlingi si, medan eg er på veg frå Schönefeld i Berlin til Stavanger. Me skyner at det her er tale um Fernweh, som det heiter so gildt på tysk, fjernlengsel. Eller norskare: Utferdstrong. Spørjeteiknet målber ei tvil, noko som òg dekker tilfellet mitt: Eg kikar innum den israelske gaten på flyplassen, og gjenom vindauga ser eg to hasidar på veg til Tel Aviv. På haleroret der ute blenkjer davidstjerna i soli, Magen David. Eg hev ingenting vondt å seia um Stavanger, men nett no hev eg meir hug til å fylgja israelerane, eller skal eg seia hasiddisane, heim til Ben Gurion.

Uppe i lufti fylgjer eg poeten gjenom jærlandskapet han bur i, eller Jadren, som det heiter hjå Ivar Aasen. Me gjeng inn i et lysande kjøpesenter og på bandøving i ein fabrikkjellar. Poeten uppheld seg i kvardagen, men veit å opna dører til det morfinpåverka mogelege: «Me ville hatt det mykje betre om me/ hadde pakka inn koffertane// i aluminiumsfolie seier sjåføren og nikkar til meg i spegelen/ med eit lurt glimt i auga/ Eg er med på spøken og seier Ja Eller dersom me hadde/ snudd koffertane den andre/ vegen og levert handtaka til tollarane Alle ler» Diktingi er morosam, og eg skrattar med!

Ordvalet er hjarteleg, her finst ikkje frykt for adjektiv og abstrakt. Dikti er ofte delte upp i sekstettar med innrykk i partalslinene. Verslinene varierer i lengd, frå det stutte til det sentensiøse. Alabama? må vera skrive i eit avgrensa tidsrom, av di innhaldet og motivi er ovleg samanhangande.

Musikken gjeng att i dikti, både det å lytta og det å spela hev ein plass i Torvund-land:

«Har ein spela bass mot meiningsløysa for å gje hjarta ei
sterkare røyst i mørkret
har ein òg gått over mange parkeringsplassar og kjent
pisselukta frå rom under jorda
der bilar med glimtande skal står tome i eit lys som ikkje
er av denne verda»

Bland musikkhelgenane i norsk lyrikk er Leonard Cohen den nest største gampen, Bob Dylan er heldigvis ikkje med her. Derimot finn me Stones, Jimmy Smith og Ravi Shankar. Sitartonor sviv yver poeten, der han ligg på sjukehuset i Stavanger og diktar.

Tridje del i boki rommer vakre dikt frå yvergongen millom denne verdi og den neste. Ei tåre fell til «Farveldikt II»:

«Til den kvinna eg alltid elska å lytte til medan ho kviskra
Eg dreg min veg og seier farvel
for her er ikkje meir å henta Alle trailarar og traktorar og
drøymande lauvtre har eg sett
alle måtene menneska kan vise heimlengt på»

Sylvfuglen flyg inn yver Jadren, borni græt og båtane lagar kvite stratocasterformer i fjorden der nede. Per telefon upplyser poeten at han stend uppe i verdi og kjem med barnebok til hausten.

Publisert i Morgenbladet 20. mai 2011