Ukas dikt: «Møte» av Olav H. Hauge

DiktUkas dikt: «Møte» av Olav H. Hauge
Estimert lesetid 2min

Olav H. Hauge (1908–1994) var en av våre mest folkekjære lyrikere, og han er selvsagt en favoritt i denne spalten. Mange av Hauges dikt er blitt en del av vårt felles eie. Han var en mester i å uttrykke en universell følelse helt rent og enkelt.

Diktet «Møte» er hentet fra samlingen Seint rodnar skog i djuvet fra 1956. Diktsamlingen regnes som Hauges kunstneriske gjennombrudd.

Møte


Dei møttest – uvisse
um dei skulde helsa.
Men ho helsa då, gjekk
nokre steg jamsides,
ein er ikkje kjend med alle
etter det er myrkt.
Enno var ho ung,
blenken i augo
like svart.

Ordi fall
som søkkje
frå kvar si båtripe,
med open sjø imillom.

Fyrst etterpå merka han
at dei hadde fløkt seg saman
i djupet ein stad,
der straumane saug
yver løynske tangskogar
og bråe stup.

Kor var ho var!
Og snøgg til å kutta.

Men han hadde då taumstubben
og ongulen hennar,
um han ikkje skyna
eit bergingstog frå eit menneske.

Les også:


Ukas dikt: «Ensomhet» av Arild Nyquist
Ukas dikt: «Ja visst gör det ont» av Karin Boye
Ukas dikt: «Vi holder livet» av Inger Hagerup
Ukas dikt: «Når paven blir trett» av Gro Dahle
Ukas dikt: «Hestene står i regnet» av Astrid Hjertenæs Andersen