Den store ljoden dei kallar Europa

LyrikkUkategorisertDen store ljoden dei kallar Europa
Estimert lesetid 1min

Du sit i eit ljodisolert studio med øyro fulle av voks
talar inn i vare mikrofonar, høgt av di du ikkje høyrer
talar um eit utanfor, den store ljoden dei kallar Europa
Du er ein politikar i eit anna og stillare umråde
vreid over at nokon vil heidra
suset i den europeiske nerveveven
bruset i den europeiske verdsveven

Du seier at ljoden korkje skapar fred eller velstand
der du sit i det tette romet med voks i øyro
i eit utanforland so rikt på fred og velstand
at du kvar kveld gjeng til ro på gourmetmat

Du spør kvifor eg ropar, eg òg hev voks, ligg
på sidi medan dropane sig ned i trompeten
Dette er ropet: Veit du korleis det kjenst
å vanta ein heim, vakna i uro og sovna i otte
Veit du, maktmann, å gråta som eit barn
naken for verd og kvinne – Du, so sterk
når du talar for dei veike

Dropane sig ned i øyro, noko løyser seg
Eg høyrer suset i nerveveven
bruset i verdsveven
Den store ljoden dei kallar Europa



Nyhendepoesi i Morgonbladet, 19. oktober 2012